torsdag 10. januar 2013

Lenge sidan sist......
Ja, nå er det på an igjen :-) Eit lite innlegg på bloggen, før eg skal byrja å skriva for fullt på eksamen i ikt. Fekk utdelt eksamen i går, har ikkje hatt tid til å starta å skriva enno, men har funne fram "det eg treng" av fagstoffet mm. Mykje eg treng å lesa meg litt opp på i forkant av skrivinga....og av alle ting valgte eg å skriva eit blogginnlegg!
Ja, ja, dette vil jo visa seg om det var eit klokt valg!
"Time will show"
Ynskjer alle ei strålande helg :-)

onsdag 18. april 2012

Hei igjen....

Nå er det vel på tide med eit nytt innlegg, og moglegvis på tide med bilete..... Det blir nok ikkje av meg, men heller eit som er laga av meg...
Dette er eit bilde eg laga i Photo Elements til filmen om Skånevik...
"ein fin haustdag"

fredag 30. mars 2012

Snart påske...

Heisann.....
Ja,ja... kan jo ikkje nett seie at eg er så aktiv på denne bloggen. Men til neste år, DÅ skal eg nok bli flinkare...kanskje :-)
Nå nærmar det seg påskeferie, og eg har mykje å gjera, så for min del kallar eg det heller "Arbeidsveke".
Men sånn er det når ein er student...og heldigvis så nærmar sommarferien seg !! Jippi !!
Ellers så vil eg ynskje alle mine medstudentar god påske!

onsdag 1. februar 2012

Ja, ja...det tok ei veka, men her er blogginnlegg nr.2

Ei lita oppdatering frå ikt-ens verden; i dag har eg laga EtherPad. Dette var oppgåva me fekk "utlevert" i dag :-) EtherPad er eit samskrivingsverktøy som me kjem til å bruke litt i ikt-en, men ein kan også bruke det i mange andre samanhengar. Døme på dette kan vere i ein førelesningssituasjon, eit gruppearbeid, eit møte etc....
Linken til samskrivingsdokumentet mitt finn du/dykk her:
http://etherpad.hist.no/knwdycGyQC
(legg linken ut her, reknar ikkje med det kjem så veldig "sensitive opplysningar" på den at den må skjermast...he,he)

NB
Angåande bilete som skulle bli den "neste kamelen å svelga"
....ehhhh.....til helga kanskje !!!

Ha ein fine kveld vidare !!!

onsdag 25. januar 2012

Ny i "gamet"

Det fyrste innlegget i bloggen min berre bli dotter mi sin kommentar:
"Hæææ, skal du laga blogg ?? Mamma eg blir flau!!"
Ja, ja, sånn kan det gå; når ein har tenåringar i hus... Men det går vel over!
Er ikkje så glad i å verken skriva eller visa/publisera tekst og bilete "om og av meg sjølv", og i alle fall ikkje via nettet, så at eg skulle laga blogg var vel igrunn heilt utenkjeleg!
Men uansett, nå er eg i gong!
Så neste "kamel å svelga" blir vel å leggja ut det bilete......